Vang Bunadsaum

På garden Skjelhaugen - Helinvegen 4 i Vang i Valdres - finn du Vang Bunadsaum. Ei lita bedrift, etablert i 1989, som syr bunader etter gamal tradisjon. Eg syr i hovudsak bringedukdrakt frå øvre Valdres. Eg syr på bestilling etter mål, og har alt du treng av materialer. Eg har svennebrev i Bunadtilverkerfaget.

Bringedukdrakta er ein bunad med oppav i den gamle folkedrakttradisjonen frå ca. 1790-1840. Den har ein høg livlinje, som viser motetrekk frå empirtiden. Den har også ulikt hovudplagg for gift - rull - og ugift - jenteoppbinding.

I denne draktkulturen var det eit rikt mangfold i farger på stoff, broderier, perlebelter og forkler, m.m. Valdres har eit stort utvalg av gamalt draktmateriale, akvareller måla av Jonannes Flintoe og skriftlege kjelder som vart brukt når Magny Karlberg rekonstruerte bringedukdrakta i 1971.

I 1992 rekonstruerte eg bruredrakta frå øvre Valdres på oppdrag frå Vang bygdekvinnelag. Denne bruredrakta er i frå samme draktkultur som bringedukdrakta.

Vil du veta meir om bringedukdrakt eller gifte deg i brudedrakt, så ta gjerne kontakt for ein bunadprat!

Kontakt

Vang Bunadsaum
Helinvegen 4
2975 Vang i Valdres

Måndag-torsdag: 09:00-15:00

Tlf: 415 60 759

Vang Bunadsaum er eit enkeltmannsforetak registrert i Brønnøysundregistrene.

Org.nr: 970 586 652